Hareid kyrkjelege fellesråd > Forespørsel om dåp

Påmelding til dåp


Steg for steg til dåp

- For å starta utfyllinga trengst eit 11-sifret fødselsnummer. Dersom de ikkje har fødselsnummeret til barnet, kan de nytte dykkar eige fødselsnummer. De vil få tilsendt ein kode på SMS for å gå vidare i prosessen.
(NB! Ved påmelding av TVILLINGAR må de nytte to separate telefonnummer til dei to påmeldingane.)

- Når de så har kryssa av kva stad de ønskjer dåp, får de ei liste over dei gudstenestene som har ledig plass for dåp.

- Fyll gjerne ut all info som er tilgjengeleg, men det kan i første omgang også halde å fylle ut namn på barnet, kontaktinformasjon til dykk foreldre, og minimum to fadrar (kan supplerast eller endrast seinare). Har de ennå ikkje bestemt namn på barnet, kan de likevel sende påmeldinga, men det er viktig å få ordna innsending av namn til Folkeregisteret i god tid før dåpen, så alt ligg til rette når dagen kjem.

- Etter at dato for dåpen er stadfesta frå kontoret, kan de seinare gå til "Eg vil opne ei registrering", og oppdatere innhaldet med for eksempel fadrar. Bruk same person - og telefonnummer som ved første innlogginga.

- Kyrkjekontoret vil så gjere ei avtale med dykk om kva dåpssamtale de møter på til førebuing av dåpen. Desse er i Hareid kyrkje ca. kvar tredje torsdag kl. 17-18, og datoane kan du finne her om du ønskjer info.

NB! Om de seinare ønskjer å endre dato for dåp eller for dåpssamtale må de ta kontakt med oss.

Opplysningane som vi samlar inn i høve dåpen vert berre nytta til oppfølging av dåpen gjennom trusopplæringa. Les meir om dette på våre heimesider.